Samskaping av nye løysingar for handtering av plast i fiskeri og akvakultur

Seniorforsker Megan Palmer-Abbs presenterer på arbeidsverkstaden til Shiftplastics i Bodø. Foto: Marta Anna Løvberg
Seniorforsker Megan Palmer-Abbs presenterer på arbeidsverkstaden til Shiftplastics i Bodø. Foto: Marta Anna Løvberg

Heile 37 partnarar i Shiftplastics-prosjektet tok turen til Bodø og den andre arbeidsverkstaden med fokus på korleis vi kan innføre meir sirkulær handtering av plast innan fiskeri og akvakultur i Noreg.

Tidlegare i år la gode Shiftplastics-hovud seg saman for å finne nye løysingar på plastspørsmålet.

– Denne arbeidsverkstaden bygger på den fyrste. Den gongen kartla vi kvar plasten kjem inn i verdikjeda, no går vi tematisk til verks for å finne meir sirkulære praksisar for handteringa av plasten, seier Megan Palmer-Abbs, nestleiar i Shiftplastics.

 

Felles forståing

Arbeidsverkstaden samla ekspertar frå heile verdikjeda, frå det private og offentlege, frå akademia, frå medlemsorganisasjonar og frå fima som driv innan fiskeri og akvakultur.

– Vi ønska å skape ei betre forståing av nøkkelfunna frå den fyrste arbeidsverkstaden. Eit viktig mål var å skape ei felles forståing av korleis overgangen til eit meir sirkulært system kan sjå ut, seier Palmer-Abbs.

– For å klare det, måtte vi bestemme oss for nokre hovudpoeng frå diskusjonane og bli einige om eit sett nøkkelprinsipp for meir sirkulærøkonomiske forretningsmodellar innan fiskeri og akvakultur. 

 

Rapport til hausten

Tema som blei diskutert var materialar, design, styresmaktar og politikk, rollar og ansvar, samt samfunn og endring.

– Deltakarane skulle sjå for seg meir sirkulære praksisar innanfor desse emna og slå fast nøkkelprinsipp for korleis fiskeri- og akvakultursektorane skal handtere dei mest problematiske plast-baserte produkta, som tauverk, trål, not, garn, teiner, bøyer og flyteelement, seier Palmer-Abbs.

Kva som blei resultata av arbeidsverkstaden vil bli avslørt i prosjektets andre rapport frå arbeidspakken om samskaping, som kjem til hausten.

– Rapporten vil vise korleis vi ser for oss endringar i systema, for å skape meir sirkulær handtering av plast innan fiskeri og akvakultur, seier Palmer-Abbs.

 


Bilder frå arbeidsverkstaden. Alle foto: Marta Anna Løvberg

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev