Skoleskyss i eit helseperspektiv

Article Id
3168
Source site
Forskerne bak rapporten: Karl Jan Solstad og Marit Solstad.
Forskerne bak rapporten: Karl Jan Solstad og Marit Solstad.
Set den sterke sentraliseringa av grunnskolen som vi no ser, helsa til barn og unge på spel?

På landsbasis er det lagt ned om lag 50 skolar årleg dei siste 20 åra. I ein ny rapport frå Nordlandsforskning med tittelen "Meir skyss – mindre helse?" presenterer forskarane, Karl Jan Solstad og Marit Solstad, ei kartlegging av skulenedleggingane. Dei ser på grunngjevingane for, og lokale reaksjonar på, desse. I rapporten blir det lagt fram forsking om følgjene av skuleskyss for dei unge si fysiske utvikling og helse.

Ei kartlegging over endringar i skolestrukturen i 140 typisk grisgrendte kommunar viser at talet på grunnskolar frå 1990 fram til 2015 er redusert frå 500 til 300. For perioden 2005-2015 femnar kartlegginga òg over skolenedleggingane i 230 andre kommunar i landet. Det er særleg svært små skolar som er lagde ned, men det er ein klar tendens mot slutten av perioden til at òg større bygdeskolar med 50 elevar eller meir blir lagde ned. Nedleggingane skjer i dei aller fleste tilfelle trass i at foreldre er mot nedlegging og at lokalsamfunnet mobiliserer for å bevare skolen som ein viktig og samlande institusjon i bygda eller grenda. Kommunane peikar på kommunal økonomi og lågt/minkande elevtal som dei to viktigaste grunnane  til at skolar blir lagde ned, men tru på betre pedagogisk tilbod blir òg trekt fram som grunngjeving, særleg dei seinare åra.

Auka risiko for overvekt med skyss

Ein gjennomgang av tidlegare forsking viser at elevar med skuleskyss har oftare ryggplager og stivare hofteparti enn dei som tar seg fram til skolen for eigen maskin, og om skyssen er lang får dei også nedsett kondisjon. Ein del elevar har direkte plager under og like etter skuleskyssen som hovudverk og kvalme. Det er dessutan indikasjonar på at risikoen for overvekt aukar når ungane er avhengige av skuleskyss, anten skyssen er kort eller lang.

I rapporten legg forskarne fram eit overslag som viser at mellom 4000-5000 skoleelevar som tidlegare ikkje hadde skyss, etter nedleggingane må ha slik skyss. For dei elevane som hadde skyss til sin gamle skole, er den nye skyssen til vanleg blitt om lag dobbelt så lang. Ei organisering av grunnskolen som tar frå elevane den naturlege, daglege mosjon som ein fysisk aktiv gå- eller sykletur til og frå skolen gjev, synest ikkje å vere i tråd med intensjonane i Lov om folkehelse, og vil kunne føre til nedsett livskvalitet langt ut over skolealderen.

Verdien av den mosjon som turen til og frå skolen gjev dei unge, er særleg viktig i dagens samfunn der så mykje tid går til sosiale media og elektroniske spel.

Kortsiktige innsparingar

Studien gir grunn til å spørje om dei moglege kortsiktige kommunale innsparingane ved skolenedleggingar er små i forhold til dei auka utgiftene som vil kome på offentlege budsjett til fleire helsetenester, meir sjukepengar og oftare uføretrygding. Det vil vere viktig gjennom ny forsking å få betre innsikt i dei verkelege kostnadene for individ og samfunn knytt til den omfattande sanering av grunnskoletilbodet i store delar av landet som vi no er vitne til.

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev