Fekk verdifulle innspel til prosjektet

Helga Eggebø. Foto: Karoline O.A. Pettersen

Alle interesserte blei invitert til å kome med innspel til det nye prosjektet om levekår blant skeive. Prosjektleder Helga Eggebø er storfornøgd med responsen.

Prosjektet «Levekår blant skeive» har nettopp starta. Forskarane skal prøve å finne ut om situasjonen har blitt betre eller verre sidan 2013 og 2020, når dei førre undersøkingane blei gjort. 

Men kva er det viktig å finne ut av for å teikne eit best mogleg bilde av levekåra til skeive no? Eggebø ønskte innspel frå alle som er interessert i feltet og ho inviterte derfor til innspelsmøte på Teams. 

Responsen var god, om lag 20 personar møtte opp. 

– Eg vil rette ein stor takk til alle som kom og gav verdifulle innspel, seier Eggebø.

– Vi i forskingsgruppa er veldig takknemleg for at de spanderte tid på å hjelpe oss.

For forskarane fekk mange innspel og skal no i gang med ein gjennomgang av dei.  

– Noko av det som kom fram er at folk er mindre og mindre villig til å svare på spørjeundersøkingar. Derfor er det viktig at den nye undersøkinga ikkje blir like lang som i 2020, seier Eggebø.  

Andre innspel understreka viktigheita av å spørje om folk opplever at utviklinga går i positiv eller negativ retning, og om den offentleg tilspissa debatten og globale situasjonen påverkar levekåra negativt.  

– Samtidig er det viktig at den nye undersøkinga òg undersøker positive sider ved levekår blant skeive, seier Eggebø.  

Forrige
Forrige

Sosiale følger av gruvedrift må tas på alvor fra starten av

Neste
Neste

Nytt prosjekt går i dybden på ungt utenforskap