Helga
Eggebø
ansatt
Velferd
Les mer
Stillingstittel
Forsker I
Mobil
Nøkkelinformasjon

Helga Eggebø (ph.d) forskar på migrasjon, likestilling, aldring og levekår blant skeive. Ho er blant landets ledande forskarar innanfor kvalitativ metode og har utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse. Helga er ein engasjert og dyktig formidlar med omfattande foredragserfaring og aktiv deltaking i den offentlige debatten.

Kollektive forskingsmetodar

Eggebø har gjort eit innovativt arbeid innanfor kvalitativ metode med å utvikla kollektive arbeidsformar i akademia. Ho er mest kjent for å ha utvikla metoden kollektiv kvalitativ analyse. Artikkelen ho publiserte i Norsk sosiologisk tidsskrift i 2020 er den mest lesne i tidsskriftet og er seinare omsett til engelsk.

I 2024 vart læreboka «Etisk ubehag» (red. Bringedal & Kurse) publisert på Universitetsforlaget, og Eggebø har skrive kapittelet «Farvel til feltet: I spennet mellom ulike etiske omsyn».

Innvandring

I 2013 disputerte Eggebø med avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Artiklane “A Real Marriage?”, “The Problem of Dependency” og “With a heavy heart” er mykje sitert i den internasjonale faglitteraturen. Seinare har ho skrive om familieinnvandring og integrering, og om korleis innvandringspolitikken er prega av mellombels opphaldsløyve og usikkerheit for stadig fleire gruppe innvandrarar. I bokkapittelet Follow the Money” har Anne Staver og Eggebø skrive om innføringa av inntektskrav for permanent opphald, og i artikkelen “Everything but the marriage certificate” utforskar dei regulering av sambuarskap i norsk utlendingsrett. I forskingsprosjektet REMIMO (2021-2025) undersøkjer Eggebø og kollegar inntektskrav som verktøy i innvandringspolitikken og kva konsekvensar dette fører med seg.

Levekår blant skeive

Eggebø har ti års erfaring med forsking på levekår blant skeive i Noreg. Ho har mellom anna skrive rapportane “Skeiv på bygda” og “Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn”,  “Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår”, “Skeive livsløp” og “Interkjønn og variasjon i kroppslig kjønnsutvikling”. Artikkelen “Skeive liv. Felles fortellinger på tvers av forskjeller” skildrar seks viktige fellesnemnarar i skeive liv, på tvers av forskjellar. I kapittelet “Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet” analyserer Eggebø og Stubberud kulturelle hovudforteljingar og motforteljingar i data frå prosjekta “Skeiv på bygda” og “Levekår blant skeive med innvandrerbakgrunn”.

Aldring og omsorg

Kva skal til for å leva gode liv når me blir gamle? Korleis kan me sikra gode helse- og omsorgstenester? I eit forskingsprosjekt om aldring i rurale størk, fann Eggebø og kollegar ut at sosial omsorg er ein blind flekk i den norske eldreomsorga. Sosial omsorg er å sjå folk for den dei er og leggja til rette for meiningsfylte aktivitetar og sosiale relasjonar. Kva som er meiningsfylte aktivitetar for kvar og ein av oss heng saman med tida og staden me har levd livet vårt, det har ho skrive om i artikkelen “Land, history and people”. I samarbeid med Tana og Steigen kommunar leia Eggebø forskingsprosjektet “Aktiv og meningsfylt hverdag”, og i rapporten “Aktivitet og fellesskap blant eldre” skriv ho og kollegar om korleis kommunane kan styrka den sosiale omsorgen.

Formidling, undervisning og rettleiing

Helga har lang erfaring med å halda føredrag for fagfolk, studentar, sivilsamfunn og offentlege myndigheiter. Ho er fast gjesteskribent i Forskerforum og har skrive ei rekke kronikkar i nasjonale media. Du finn også meir informasjon om Helga og hennar forsking på bloggen helgaeggebo.no 

Utdanning

Eggebø er utdanna sosiolog. Ho avla doktorgrad ved Universitet i Bergen i 2013 med avhandlinga «The Regulation of Marriage Migration to Norway». Mastergraden er frå Universitetet i Oslo med oppgåva "Offeromgrepet til last eller gagn?"

  • Seniorforsker Helga Eggebø. Foto: Karoline O.A. Pettersen

    Etiske dilemmaer og gråsoner i forskningen kan være tøffe å navigere alene. - Vi bør snakke mer om vårt etiske ubehag, mener forskere.

  • Åge Mariussen, Helga Eggebø, Camilla Risvoll. Foto: Morten Ovesen, Marta Anna Løvberg og Karoline O.A. Pettersen

    Tre forskere fra Nordlandsforskning er invitert inn i ekspert- og referansegrupper nedsatt av Norges forskningsråd.

  • Kollektiv kvalitativ analyse arbeidsverksted
    Blogg

    Jobbar du med å analysera kvalitative data? Intervju, feltarbeid eller dokumentanalyse? Har du opplevd å sitta der med fleire hundretals sider med transkripsjonar og lurt på kva du skal gjera? Korleis du skal gå i gang med å analysera alt dette? Du er ikkje åleine.

Del:

FacebookLinkedInTwitter