Kunnskap for stadutvikling
Dette arbeidet er ein kunnskapsstudie vedrørande temaet stadutvikling, då med vekt på norsk litteratur og funn frå perioden 1999 – 2009 som er relevante for lokale og regionale samfunnsutviklingstiltak.Studien drøftar temaet stadutvikling generelt, og går djupare inn i to norske modellar for korleis stadutviklingsprosessar kan byggjast opp; sosiokulturelle stadanalysar og kulturøkonomisk stadutvikling. Studien omfattar utgjeven forskingsbasert litteratur, og gir såleis knappast eit fullstendig oversyn av det som føregår av stadutviklingsprosessar i norske kommunar. Dette gjeld t.d. dei prosessane som i større og mindre grad utfaldar seg i alle kommunar som del av planprosessane knytt til Plan og Bygningslova. Ikkje minst på kommunedelplannivå er det mange døme på aktiv deltaking i stadutvikling. Vi finn heller ikkje dei mange aksjonar knytt til budsjettbehandlingar, altså aksjonar for å vedlikehalde fellesfunksjonar på staden.
Til publikasjon: https://hdl.handle.net/11250/4674629 | Publiseringsår: 2010 | Tidsskrift: Nordlandsforskning