Kunnskap for lokal medverknad og mobilisering

Dette arbeidet er ein kunnskapsstudie vedrørande temaet lokal medverknad/mobilisering , då med hovudvekt på norske bidrag frå perioden 1999 – 2009 som er relevante for lokale og regionale samfunnsutviklingstiltak. Studien viser at mobiliseringsarbeid framleis er særs viktig i nyskapande lokal samfunnsutvikling. I ei tid som i stadig større grad er prega av fokuset på og omsynet til individet, vert det likevel stilt nye krav til mobiliseringsprosessen: Medverknad kan i denne samanheng oppfattast meir som eit krav. Menneske ønskjer noko att – reell inn- og medverknad – for å gå inn som aktørar i lokale mobiliserings- og utviklingsprosessar.I konkurransegrunnlaget for denne studien heiter det at "[m]edvirkning er en samlebetegnelse som handler om innbyggernes deltakelse, innflytelse og medbestemmelse i utviklingsprosesser". Omgrepet medverknad er likevel knappast operasjonalisert i forskingslitteraturen. Den gjennomgåtte litteraturen gir såleis ikkje grunnlag for å skilja mobilisering og medverknad som to separate tema. Dei to heng tett saman i dei fleste utviklingsprosjekt, ettersom mobilisering har medverknad som mål og ein knappast kan rekna med særleg medverknad utan å ha mobilisert på førehand.Det er viktig å understreka at dette arbeidet drøftar forskingsbaserte norske bidrag, og såleis ikkje nødvendigvis gjev noko uttømmande oversyn over dei mange erfaringar norske kommunar og grender måtte ha med mobiliseringsarbeid. Dei prosessane som i større og mindre grad utfaldar seg i alle kommunar som del av planprosessane knytt til t.d. Plan og Bygningslova er eit godt døme på mobiliseringsaktivitetar der ein treng meir kunnskap.

Til publikasjon: https://hdl.handle.net/11250/3279702 | Publiseringsår: 2010 | Tidsskrift: Nordlandsforskning

Forrige
Forrige

Rett til samisk opplæring – ideal eller realitet

Neste
Neste

Følgeevaluering av”FoU-inkubatorer med distribuerte løsninger