Gir ut fagbok om korleis vi kan førebygge plastforureining frå fiskeri og havbruk
Etter fire års forsking på korleis vi kan hindre at plast frå fiskeri og havbruk hamnar i havet, gir forskarar ved Vestlandsforsking i samarbeid med ei rekke andre forskings intuisjonar ut ei internasjonal fagbok om temaet.
Av: Idun A. Husabø, Vestlandsforsking
– At eit forlag som Routledge ville gje ut boka vår, viser kor brennaktuelle problemstillingane i Shift-Plastics er, seier prosjektleiar Hans Jakob Walnum.
På få år er plast i havet blitt eit miljøproblem dei fleste land tek på alvor. Samtidig har alle forsøk på å få i stand ein internasjonal plastavtale havarert.
– Det gjer det desto viktigare at andre aktørar jobbar for å utvikle løysingar, og at forskarar, næringa og styresmaktene jobbar tett saman, seier Hans Jakob Walnum.
Han har leia forskingsprosjektet Shift-Plastics, som er bakteppet for fagboka Managing Marine Plastic Pollution in Norway. Her handlar det om næringane fiskeri og havbruk og om alt utstyret der som inneheld plast – ikkje minst plast som er sett saman med andre materiale, slik at reparasjon og gjenvinning blir krevjande.
Prosjektet tek utgangspunkt i ei systemisk forståing av plastforureining i fiskeri- og havbruksnæringane. Denne forståinga er basert på innsikt frå ulike fagperspektiv, som materialteknologi, analyse av materialstraumar, livsløpsanalysar, juss og politikk, i tett samarbeid med næring, interesseorganisasjonar, forvaltning og attvinningsaktørar.
Har talfesta materialstraumane
I boka blir materialstraumar og dagens praksisar kartlagt. Det kjem fram at dei største plastmengdene er knytte til havbruksnæringane og at det er stort rom for betring knytt til plasthandtering både i fiskeri og havbruk.
- Fiskerinæringa i Noreg står for 4 200 tonn plastavfall i året. Av det blir berre 45 prosent resirkulert. Resten går til forbrenning og deponi (48 og 7 prosent).
- Havbruk står for ti gonger så mykje plastavfall, 42 046 tonn. Her blir 33 prosent resirkulert. 42 prosent går til forbrenning, 21 prosent til deponi og om lag 3 prosent går tapt i naturen.
- Næringane står for 6 prosent av den samla mengda plastavfall i Norge.
– Havbruk er ein svært plastintensiv industri. Det skal langt meir plast til for å produsere 1 kilo fisk innan havbruk enn innan fiskeri, seier prosjektleiaren.
Dei store merdane der oppdrettsfisken blir oppbevart, er ein del av forklaringa.
Boka gjev konkrete tilrådingar
Berekraftig sirkularitet er eit viktig stikkord for fagboka. Tanken er å unngå at verda heile tida må produsere ny plast og å forlenge livet til plast frå brukt utstyr.
– Det er stort potensial for å ta vare på, reparere og attvinne meir utstyr som tauverk, garn og merdar, men hindringar som dårleg design og manglande innsamling står i vegen, seier Walnum.
Målet, formulert i fagspråk, er å etablere «berekraftige sirkulære verdikjeder» for marin plast. Det inneber overordna at utviklinga i havnæringane må vere sosialt rettvis og halde seg innanfor naturens tolegrenser.
For å førebygge plastbruk, må vi heilt konkret få på plass betre sorteringsordningar, tydelegare merking av innhaldet i produkt, innføre ei ordning for produsentansvar og endre regelverka slik at miljøvenlege val blir lønsame og vi kan få ned den samla plastbruken, seier Walnum.
Skal vi lykkast med desse endringane, tilrår forskarane å opprette eit ekspertutval av forskarar, industri og myndigheiter som arbeider aktivt med å redusere plastbruk i næringane og følgje utviklinga over tid. Dette er i tråd med norsk tradisjon, mellom anna frå arbeidet med å redusere utslepp i prosessindustrien, seier Walnum.
Relevant for andre land og sektorar
Hans Jakob er svært nøgd med det store engasjementet i prosjektet Shift Plastics, som boka byggjer på, og med det tette samspelet mellom brukarpartnarar og forskarar. I fellesskap har dei kartlagt utfordringane og kome fram til korleis ein kan arbeide for å redusere plastbruken i næringane.
– Vi gir ein omfattande analyse av utfordringar og løysingar når det gjeld førebygging av plastforureining frå fiskeri og havbruk.
Prosjektleiaren er nøgd med å få samla desse innsiktene i ei bok på forlaget Routledge
– Det er ei anerkjenning av arbeidet i prosjektet og bidreg til at kunnskapen blir tilgjengeleg for andre, seier prosjektleiaren, som òg er ein av tre redaktørar.
Sidan språket er engelsk, vil boka òg få eit internasjonalt publikum.
– Sjølv om boka tek for seg Noreg og førebygging av plastforureining i fiskeri og havbruk, er erfaringane overførbare til andre land og til andre sektorar der ein ønskjer å redusere og førebyggje plastforureining, understrekar Walnum.