Skal kartlegge kunnskap om KI og arbeidsliv

Stian Bragtvedt. Foto: Karoline O.A. Pettersen
Seniorforsker Stian Bragtvedt. Foto: Karoline O.A. Pettersen

Kva utfordringar oppstår når kunstig intelligens blir innført på arbeidsplassen? Ei kunnskapsoppsummering frå Nordlandsforskning og Vestlandsforsking skal hjelpe Noreg å være i front på etisk og trygg bruk av KI.

I eit nytt prosjekt med Arbeids- og inkluderingsdepartementet som oppdragsgjevar, skal forskarar frå Nordlandsforskning og Vestlandsforsking gjennomgå eksisterande kunnskap om KI og algoritmestyrt leiing i arbeidslivet. 

– Formålet er å gje styresmaktene eit grunnlag for ei sunn utvikling av KI i arbeidslivet og eventuelle endringar i dei lovverka som er relevant, seier Stian Bragtvedt, seniorforskar ved Nordlandsforskning og prosjektledar for kunnskapsoppsummeringa. 

Det er venta at KI og algoritmestyrt leiing vil ha stor innverknad på arbeidslivet. Mykje er positivt, men mange fryktar òg negative konsekvensar. Overdriven overvaking, fare for diskriminering, samt mindre autonomi og jobbtilfredsheit er nemnd som potensielle truslar for dei tilsette. 

– Det er viktig ha ei oversikt over kva vi veit om effektane av KI i arbeidslivet, for å sikre at Noreg leder an i utforminga og utviklinga av trygg og etisk KI, seier Bragtvedt. 

 

KI og norsk tradisjon

Det er mange spørsmål som skal bli undersøkt i kunnskapsoppsummeringa. Korleis påverkar KI og algoritmar arbeidsoppgåver og arbeidsforhold? Kva arbeidsmiljøutfordringar oppstår? Kva bekymringar og utfordringar opplever dei tilsette? Og korleis blir tariffavtaler, partssamarbeid, tillitsvalde påverka av KI? 

– Eg ser fram til å finne ut kva som finst av forsking på KI og den norske arbeidslivsmodellen, seier Bragtvedt. 

– Det finst mykje forsking på KI og plattformøkonomi og algoritmestyrte bransjar. Når det gjeld den nordiske modellen, med sterke fagforeiningar, institusjonelle forhandlingar og kollektiv lønsdanning, er eg usikker på om er mykje undersøkt, spesielt med tanke på effekten av å introdusere KI i stor skala.

Norsk og nordisk arbeidsliv er Bragtvedt sitt eige ekspertområde. I tillegg stillar prosjektgruppa med Cheshta Arora, som er seniorforskar på Vestlandsforsking og blant anna forskar på KI og det grøne skiftet. Med på laget er òg Hilde G. Korneliussen, Forskar 1 og forskingsleiar ved Vestlandsforsking, samt metodeekspert og Forskar 1 ved Nordlandsforskning, Helga Eggebø. Brigt Dale, som er forskingsleiar og Forskar 1 ved Nordlandsforskning, kvalitetssikrar arbeidet til gruppa. 

 

Skarp konkurranse

Nordlandsforskning og Vestlandsforsking blei tildelt oppdraget i skarp konkurranse med ti sterke forskingsaktørar. Nordlandsforskning si omfattande erfaring med litteratursøk og forsking på den norske arbeidslivsmodellen, kombinert med Vestlandsforsking sin kompetanse på samfunnsvitskapeleg forsking på KI, slo godt an.

– Det er gledeleg å sjå at vi kan levere forsking på nivå med langt større aktørar i Oslo, seier Bragtvedt. 

– Dette viser at institutt i distrikta ikkje er noko karriere messigbakevje samanlikna med større aktørar i sentrale strøk.  

Direktør André Wallann Larsen er svært nøgd med at Nordlandsforskning har fått dette viktige oppdraget.

– Mykje tyder på at kunstig intelligens vil endre arbeidslivet grunnleggjande, og vi har allereie sett døme på at det kan gå galt når KI ikkje blir brukt på ein trygg og etisk måte, seier Larsen.  

– Med vår solide kompetanse på arbeidsliv tek vi no eit viktig steg inn i KI-forskinga, og dette prosjektet gjer Nordlandsforskning endå betre rusta for nye oppgåver i dette spennande og samfunnskritiske feltet, seier han. 

Prosjektet skal levere sin sluttrapport i april 2026. 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev