Kritiske til å avvikle dei regionale forskingsfonda: – Råkar distrikta

Fokus-direktørene. Foto. Idun A. Husabø
Dei fem regionale samfunnsvitskaplege institutta omfattar Norsus, Nordlandsforskning, Møreforsking, Vestlandsforsking og Telemarksforsking, her representert ved direktørane. Frå venstre: Ellen-Marie Forsberg (direktør ved Norsus), Ragnhild Holmen Waldahl (stedfortredar for Iselin Marstrander, direktør ved Nordlandsforskning), Agnes Gundersen (direktør ved Møreforsking), Anne Karin Hamre (styreleiar i FOKUS-institutta og direktør for Vestlandsforsking) og Ailin Aastvedt (direktør ved Telemarksforsking). Foto: Idun A. Husabø

Direktørane for dei regionale samfunnsvitskaplege institutta reagerer sterkt på regjeringa sitt framlegg om å avvikle Regionale forskingsfond.

Forfattar: Idun A. Husabø, Vestlandsforsking

 

– I ei tid der store utfordringar står i kø, treng vi verkemiddel som kan bidra til omstilling og innovasjon over heile landet. Å avvikle verkemiddel som nettopp bidreg til dette, er særs uheldig, skriv dei i ein uttale om framlegget til statsbudsjett for 2024.

Direktørar og andre i leiinga ved dei regionale, samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta møtest i Sogndal denne veka for å drøfte felles utfordringar og satsingar. Høgt på dagsorden står regjeringa sitt framlegg om å avvikle dei regionale forskingsfonda (RFF), som sidan 2010 har delt ut midlar til små og mellomstore forskingsprosjekt i bedrifter og offentleg sektor.

 

Når lengre ut enn til byane

Midlane kjem frå Kunnskapsdepartementet og blir forvalta av fylkeskommunane. Føremålet er å gjere det enklare for desse aktørane å delta i nasjonal og internasjonal forsking. Næringslivet har samla sett vore den største mottakaren, medan resten av tildelingane fordeler seg nokså jamt mellom offentleg sektor og forskingsinstitusjonar.

– Samanlikna med andre forskingsverkemiddel, er ikkje RFF ei stor ordning målt i pengar. Men ordninga når lengre ut enn til dei største byane, til private og offentlege verksemder som klarer å få mykje ut av små løyvingar, understrekar Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking.

 

Mobiliserier bedrifter og kommunar

I uttalen viser ho og dei andre direktørane til at forskings- og utviklingsverksemd er konsentrert til dei sentrale områda i landet og at små distriktskommunar sjeldan deltek i slike ordningar samanlikna med større kommunar.

– Det viser at det er stort behov for ordningar som bidreg til å mobilisere bedrifter og kommunar i distrikta til meir bruk av forsking for å stimulere til omstilling og innovasjon, seier Hamre.

– Det finst ikkje alternative ordningar som på same måte som RFF treff dei breie behova til verksemder i distrikta. Om RFF blir avvikla, er det difor uheldig for kommunar og næringsliv, og for samarbeidet deira med regionale forskingsmiljø.

Uttalen til statsbudsjettet er underskriven av direktørane ved Møreforsking, Telemarksforsking, Nordlandsforsking, Norsus og Vestlandsforsking og sendt til undervisnings- og forskingskomiteen på Stortinget. Institutta samarbeider gjennom FOKUS, interesseorganisasjonen for forskingsinstitutt i regionane, der Anne Karin Hamre for tida er styreleiar.

Les heile uttalen her

 

Del:

FacebookLinkedInTwitter

Meld deg på Nordlandsforsknings nyhetsbrev