Shiftplastics

Avsluttet

In the Shift-Plastics project, we will look at the handling of plastics within fisheries and aquaculture.

Globalt slepper fiske- og havbrukssektoren ut ei stor mengd avfall, inkludert plast. Studiar viser at i Noreg utjger plastavfall frå fiskeri- og havbrukssektoren størstedelen av plastavfallet i havet. Plastforureining i havet har alvorlege konsekvensar for natur og miljø, særleg fordi plasten blir broten ned til mikro- og nanoplast som fisk og dyr får i seg. Prosjektet skal sjå på dei mest komplekse utfordringane i avfallshandteringa, som korleis ein kan handtere produkt som kombinerer ulike materiale - til dømes tauverk med stålkjerne og koparimpregnerte nøter.Sju forskingsinstitusjonar er med i Shift-Plastics. Desse har ekspertise innan teknologi, politikk og sirkulære verdikjeder. I tillegg kjem heile 20 aktørar frå utstyrsprodusentar, industri, gjenvinningsbransjen, offentlege verksemder og interesseorganisasjonar.Forskarane skal sjå på korleis ein teknologisk sett kan løyse utfordringar knytt til “problematisk” plastutstyr. Det handlar til dømes om betre og meir optimale måtar å resirkulere på og om å ta i bruk nye materiale, som bioplast. Forskarane vil òg gå i djupna på korleis politikk og verkemiddel kan endre materialbruken, auke levetida til produkta og sikre gjenbruk og resirkulering. Å finne løysningar og nye måtar å gjere ting på, krev tett samarbeid mellom forskarar, styresmakter, interesseorganisasjonar og industri.Gjennom samarbeid skal prosjektet finne fram til løysningar og produkt som kan redusere miljøpåverknaden, samtidig som dei er økonomisk lønsame.  

Previous
Previous

Animal welfare, behavior, health and sustainability - reindeer feeding and effects on reindeer and reindeer husbandry

Next
Next

Rášša: Fair and sustainable management of the reindeer landscape