Forteljingar om å vera skeiv innvandrar og skeiv på bygda i Noreg i 2010-åra
Av
Helga Eggebø
Elisabeth Stubberud
Velferd
Academic chapter/article/Conference paper
Year published:
2022
Sider:
397-426
I dette kapittelet analyserer me forteljingar om å vera skeiv med innvandrarbakgrunn og vera skeiv på bygda i Noreg på 2010-talet. Analysane er basert på kvalitative intervju med til saman 51 skeive, som er gjennomført i samband med dei to forskingsprosjekt «Skeiv på bygda» og «Queer Migrants». Datamaterialet syner at det finst ei utbreitt forståing av at det stort sett er greitt å vera skeiv i Noreg i dag, men at bygda og minoritetsmiljøa er stader kor det er vanskeleg eller umogleg å leva gode skeive liv. Denne forteljinga forholder informantane seg til når dei snakkar om eigne liv og erfaringar. Nokre av deltakarane presenterer ei tydeleg motforteljing, om at det går an å leva gode skeive liv på desse stadene kor «alle» syns å vita at det er problematisk å vera skeiv. Andre deltakarar har ei historie som i større grad stadfestar at det er nokre særlege utfordringar knytt til å leve som skeiv i det rurale eller i minoritetsmiljøa. Men i alle høve ser det ut til at desse kulturelle forteljingane om gode og dårlege stader å leva skeive liv, står så sterkt at deltakarane på ein eller annan måte må forholda seg til og fortelja om sine eigne erfaringar i lys av desse.