Tilflytting til småstader og distrikt. Kva tiltak verkar?

Om studien
Dette arbeidet er ein kunnskapsstudie vedrørande temaet tilflytting, då med vekt på norsk litteratur og funn frå perioden 1999 – 2009 som er relevante for lokale og regionale samfunnsutviklingstiltak. Studien viser at tilflytting til bygd/distrikt i liten grad er utvikla som eige tema i forskingslitteraturen, og enno mindre operasjonalisert i høve til det å tilrå aktuelle tiltak. Rapporten er difor ein første og avgrensa freistnad på å visa korleis ei slik operasjonalisering eventuelt kan utformast.

Hovudargumentet er at fokuset må flyttast frå det generelle og overordna spørsmålet om tilflytting til by versus land, og heller fokusera på kva som kan gjerast for å trekkja fleire menneske til denne konkrete staden. Aktivitetar og tiltak må definerast utifrå stadleg særpreg og lokale menneskelege interesser og ressursar. Tilflytting som tema vil då både kunna definerast og operasjonaliserast og ein vil og ha langt større høve til å lukkast med tiltak

Skrevet av Dag Jørund Lønning, Håvard Teigen

Publikasjonsnr.
2009-1013
ISBN
0804-1873
Antall sider 16
Pris kr 50
Last ned PDF
Bestill denne rapporten.

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern