Meir skyss - mindre helse? Skulesentralisering i eit helseperspektiv

Skyss av skuleelever blei tidleg sett på som ein viktig reiskap for å oppnå eit likeverdig skuletilbod i grissgrendte strok. Forsking på uheldige sider ved lang skyss for barns helse og trivsel blei tatt opp alt på 1970-talet. Det er dokumentert nedsett kondisjon, svekka balanseevne og oftare ryggplager hos barn med skuleskyss samanlikna med dei som går/syklar til skulen, skriv forskarane i denne rapporten.

Mange elevar har fysisk ubehag av skyssen. Det er indikasjonar på høgare frekvens av overvekt hos elevar med skuleskyss.

Etter at vi på 1980-talet fekk ei nyordning for finansiering av grunnskulen har det skjedd, og skjer det, ei omfattande nedlegging av skular i heile landet. Fleire og fleire elevar må ha skuleskyss, ofte lang og tidkrevjande. Omsynet til kommunal økonomi, men òg ei ikkje-dokumentert tru på at store skular gjev betre læring, er drivkreftene. Spørsmålet er om vi gjennom denne sterke sentraliseringa av grunnskuletilbodet i landet set helsa til barn og unge på spel, med dei følgjer det har for individ og samfunn.

Publikasjonsnr.
NF-rapport 7/2015
ISBN
978-82-7321-663-2
Antall sider 94
Pris kr 100
Last ned PDF
Bestill denne rapporten.

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern