Hamsunstaden Hamarøy. Nordmenn sine holdningar til Hamarøy i Hamsunåret 2009

I denne rapporten ser me nærare på korleis eit representativt utval av den norske befolkning oppfattar Nordlandskommunen Hamarøy. Noregs mest leste forfattar i utlandet – Knut Hamsun – vaks opp her, og mange av hans storverk er inspirerte frå den blendande vakre naturen i og rundt Hamarøy. Kor mange kjenner til denne samanhengen, og kor sterkt står Hamarøy i forhold til dei andre stader i landet Hamsun budde og verka? Kva er folk sine generelle assosiasjonar til Hamarøy, og kva er potensialet for å få fleire menneske hit både som besøkande og eventuelt tilflyttarar?

Sammendrag
Korleis ser gjennomsnittsnordmannen på Hamarøy? Dette er eit interessant spørsmål å stilla i Hamsunåret 2009, eit år der det nasjonale Hamsunsenteret til 120 millionar kroner skal opnast i denne vesle Nordlandskommunen. Det nye senteret vil vera avhengig av ei jamn tilstrøyming av besøkande, og i den nye storsatsinga ligg det også store forventningar til positive ringverknader for Hamarøy og regionen rundt. Det å få eit betre bilete av Hamarøy sin status i den norske befolkning pr i dag, vil gje oss eit godt bilete av vekstpotensialet og såleis vera nyttig kunnskap i forsøket på å skapa desse ønskte ringverknadene. 

I denne undersøkinga prøver me å gje eit breitt bilde av Hamarøy som stad og nordmenn sine kjennskapar til denne staden. Kva er relasjonen mellom Hamarøy og Hamsun? Kor mange har besøkt Hamarøy, og korleis var erfaringane? Kva assosiasjonar har nordmenn til Hamarøy, og korleis står denne staden seg samanlikna med andre stader/regionar i Salten og Nordland?

Skrevet av Dag Jørund Lønning

Publikasjonsnr.
2009-1001
ISBN
0804-1873
Antall sider 23
Pris kr 50
Last ned PDF
Bestill denne rapporten.

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern