Eigendel på heimetenester og kommunale avgifter i Nordland

Ei kartlegging av kommunale variasjoner for pensjonistar.

Sammendrag
Norsk Pensjonistforbund Nordland har gjennomført ei spørjeundersøking til alle kommunane i fylket for å kartleggje omfanget av eigenbetaling på heimetenester (heimehjelp og heimesjukepleie), og i tillegg samla inn opplysningar om avgifter på andre kommunale tenester, som vatn, kloakk, renovasjon og feiing. Bakgrunnen for undersøkinga er eit inntrykk av at eigendelane viser ein tendens til å auke i kommunane, og at dei etterkvart legg eit forholdsvis stort beslag på særskilt minstepensjonisten si inntekt. Føremålet med undersøkinga og dette notatet er å fastslå kor mykje ein minstepensjonist må betale for tenestene i kommunane i Nordland, samt å kartleggje forskjellar kommunane i mellom. Vi ønskjer også å finne ut kva eigendel på tenester og kommunale avgifter kan ha å seie for levekåra til ein minstepensjonist. Vi vil nærme oss dette indirekte ved å sjå kor stor del av inntekta eigendel på tenester og kommunale avgifter utgjer av inntekta til ein minstepensjonist.

Skrevet av Trond Bliksvær

Publikasjonsnr.
1997-1022
ISBN
0804-1873
Antall sider 42
Pris kr 50
Bestill denne rapporten.

Forskere

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern