Eigenbustad for første gong. Evaluering av låginnskottsbustader for ungdom i Bodø

Sammendrag
Ordninga med låginnskottsbustader blir trekt fram i St.meld nr.49 (1997-98): ”Om boligetablering for unge og vanskeligstilte”. Desse bustadene skal vere eit rimeligare alternativ til andre bustader, gjennom finansiering og regulering av pris og omsetjing. St.meldinga opnar mellom anna for at finansieringa kan vere samansett av grunnlån, etableringslån og boligtilskott, slik at den samla finansieringa frå Husbanken si side kjem opp mot 90%. Dette bidrar til at kravet til eigenkapital blir lågt, og bustadutgiftene lågare enn i ordinære bustader. Intensjonen vidare er at desse bustadene skal klausulerast i forhold til aldersgruppa, og at det blir sett ein maksimalpris for innskott. Formålet med ordninga er dermed å bidra til at unge førstegongsetablerarar får ein rimelig bustad som gjer mulighet til å spare opp eigenkapital før dei skal ut på den ordinære bustadmarknaden. Samstundes bidrar ordninga til at kommunen får eit permanent tilbod av rimelige bustader til denne aldersgruppa. Ordninga med låginnskottsbustader har vore ei prøveordning.

Skrevet av Tone Magnussen

Publikasjonsnr.
2003-1003
ISBN
0804-1873
Antall sider 23
Pris kr 50
Bestill denne rapporten.

Forskere

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern