Skapar aktivitet og fellesskap for eldre

Ein tur i skog og mark i godt lag kan gjera underverk. Illustrasjonsfoto: iStock
Ein tur i skog og mark i godt lag kan gjera underverk. Illustrasjonsfoto: iStock

Eldre som bor heime trong givande sosiale liv. Snart kjem oppskrifta på korleis kommunar kan svara på behovet.

Tidlegare har forskingsprosjektet «Ageing at home» slått fast at sosial omsorg er ein blind flekk i eldreomsorga. No har dei to kommunane som deltok i prosjektet, teke affære.

Steigen og Tana kommune skal prøve ut kvar sine prosjekt som skal skapa sosiale møteplassar i kvardagen, blant anna for eldre.

Og som sist følger forskarane med.

– På bakgrunn av tiltaka i Steigen og Tana skal me utvikle ein modell for god sosial eldreomsorg, som kan nyttast av kommunar over heile landet, seier seniorforskar Helga Eggebø frå Nordlandsforskning.

– På denne måten vil vi sørge for lokal implementering av hovudmålsetjingane i stortingsmeldinga «Leve hele livet. En kvalitetsreform for eldre», der det slås fast at aktivitet og fellesskap er to av fem sentrale områder der dagens tilbod til eldre ofte svikter.


Seniorforskar Helga Eggebø. Foto: Karoline O. A. Pettersen

 

Meiningsfylte aktivitetar
«Aktiv og meningsfylt hverdag - Mot en modell for ivaretakelse av sosiale omsorgsbehov i norske kommuner» heiter det nye prosjektet.

Tana kommune satsar på bygdekaféar i samarbeid med bygdelaga. Sjølv om gamle som bor heime er den viktigaste målgruppa, er ikkje tiltaket berre for dei. Kafeane skal være treffpunkt mellom generasjonar.

– Me undersøker kva som må til av kommunal innsats for at frivilligheita skapt av grendelag og bygdelag skal nå sitt fulle potensial, seier Eggebø.  

Tana er ein mangfaldig kommune der det snakkast både samisk, kvensk og norsk. Kommunen har tilsett to samiske aktivitørar, som legg til rette for at folk skal kome seg ut i naturen og gjere aktivitetar dei synes er meiningsfylte, som til dømes kan være å tenne eit kaffibål eller fiske i elva.

– Kva som opplevast som meiningsfylt avhenger av livet du har levd og plassen du har vekst opp på, seier Eggebø.

– Å skape aktivitetar knytt til plassen folk har budd på, er noko som er verdt å jobbe videre med i eldreomsorga. 

Formidlar aktivitetar 
I Steigen rettast fokus mot helse- og omsorgssektoren. Kommunen har teke anbefalinga frå det førre prosjektet på alvor, og sette i gang med eit prosjekt som handlar om meiningsfylte aktivitetar.

– Ageing at home kartla kva heimebuande eldre ynskte seg og sakna i kvardagen, fortel Eggebø.

– Det nye prosjektet kartlegg kva som finns av aktivitetar i lokalsamfunnet som folk kan delta på.

Gjennom heimetenesta får dei eldre beskjed om kva som skjer og blir kopla på ei aktivitet som allereie finnes.  Heimetenesta speler altså ei mykje meir aktiv rolle i å koordinere og formidle aktivitetar.

Fast kontakt i heimetenesta
Steigen jobbar også med å styrke primærkontaktfunksjonen. Kvar brukar har ein fast kontaktperson i heimetenesta som dei kan vende seg til med sine behov og spørsmål.

– Primærkontakten kjenner folk ordentleg, kan stille dei riktige spørsmåla og dermed betre ivareta folks sosiale omsorgsbehov, seier Eggebø.

– Det er mykje å hente på at heimehjelparane blir ein tettare del av det faglege fellesskapet. Dei sit på mykje informasjon som resten av systemet burde ha tilgang til.

Difor etablerer Steigen no eit team for sosial omsorg der frivillige organisasjonar, heimehjelparar og heimetenesta deltar. Dei skal møtast for å ha diskusjonar om korleis dei kan styrke den sosiale omsorga.

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern