Language

Lokalkunnskap styrker styringa av nasjonalparkane

Foto: Gunn Elin Fedreheim
Jomfruland er eit av verneområda som er med i forsøksordninga. Foto: Gunn Elin Fedreheim

Forvaltninga av nasjonalparkar og verneområde blir styrka når grunneigarar og andre med brukarinteresser inkluderast der avgjerdene blir tekne.

Miljødirektoratet gjennomfører no eit forsøk der verneområdestyra blir utvida med brukar- og grunneigarrepresentantar.

– Evaluering vi har gjort av forsøket tydar på at dei nye medlemmane bringer inn verdifull lokalkunnskap, at deira synspunkt blir høyrt og at dei er dyktig til å formidla informasjon frå styra til andre som gjer bruk av nasjonalparkane og verneområda, seier seniorforskar Tone Magnussen ved Nordlandsforskning. 

Frå 2009 har forvaltninga av nasjonalparkar og verneområde skjedd gjennom styrer samansett av lokale og regionale politikarar. Forsøksordninga med brukar- og grunneigarrepresentantar i styra for nasjonalparkar og verneområde, blei vedtatt av Klima- og miljødepartementet i 2016.

– Oppgåvene til styra er å sørge for ei heilskapleg forvalting av områda, innanfor rammene av Naturmangfaldslova og verneforskrifter, forklarar Magnussen.

Reell medverknad
Tre område blei valde ut av Klima- og miljødepartementet til å delta i forsøksordninga; Trollheimen landskapsvernområde med grunneigarar, nærings- og interesseorganisasjonar i styret, og nasjonalparkane Jomfruland og Raet med grunneigarar i styra.

– Grunneigarar og brukarar tar med seg lokalkunnskap, svært ofte erfaringsbasert kunnskap, inn i styra, noko som gjer at forvaltninga av verneområda flyt enklare, fortel Magnussen.

– I  eit av møta i verneområdestyret for Trollheimen oppstod det utfordringar i handsaminga av ei sak der reindriftsinteresser og friluftsinteresser var involverte. Dette blei løyst gjennom direkte kontakt mellom desse brukarinteressene, som førte til at saka fekk ei rask, praktisk og sameint løysing i løpet av styremøtet. 

Forskarane la merke til  at brukarar og grunneigarar i stor grad opplevde å ha reell medverknad, ved at deira innspel ofte blir høyrd og tatt omsyn til.        

Kven skal inkluderast?
Det er ei krevjande oppgåve å representere brukarar og grunneigarar. I forkant av møta i styret er det grundige førebuingar lokalt. I Jomfruland nasjonalpark skjer dette gjerne gjennom at grunneigarrepresentantane tar kontakt med etablerte lag og foreiningar for å hente inn synspunkt og innspel, som så blir brakt vidare til styret.

– Å utvide styra med representantar for brukarar og grunneigarar inneber sjølvsagt også utfordringar. Korleis brukar- og grunneigarrepresentantar blir valde, og kven dei representerer, er eit særleg omdiskutert tema i områdestyret for Trollheimen, seier Magnussen. 

– Dette styret forvaltar verneområde av stor geografisk utstrekning, og den pågåande diskusjonen dreiar seg om kva interesser og kva kommunar som er og som burde ha vore representerte i styret.

God på formidling
Ei spørjeundersøking til alle styra og rådgjevande utval i forsøksordninga viser at grunneigarar og representantar for brukarar har meir kontakt med dei interessene dei representerer enn det dei politiske representantane har. Særleg  tydeleg er dette i forkant og etterkant av møta i styra, då det gjerne blir utveksla informasjon og synspunkt. Dette tydar på at forsøksordninga med brukar- og grunneigarrepresentasjon  i styra involverer fleire aktørar og interesser.

– Så langt viser følgjeevalueringa at forsøksordninga med grunneigarar- og brukarrepresentantar i nasjonalparkstyra bidrar til medverknad, fastslår Magnussen. 

– Grunneigarar og brukarar deltar som likeverdige partar i forvaltinga av nasjonalparkar og verneområde, og bringer inn fleire synspunkt og interesser i styrearbeidet. Dei deler ansvar og avgjerder med dei folkevalde representantane i styra.

I tillegg tar brukar- og grunneigarrepresentantar på seg ei anna viktig oppgåve, viser forskinga. Dei formidlar informasjon frå nasjonalparkstyra sine arbeidsområde til lokale brukarar og interessentar.

Nordlandsforskning
Postboks 1490
N-8049 Bodø
Norge

Besøksadresse: Universitetsalleen 11
Tlf: +47 75 41 18 10
E-post nf@nforsk.no

Bank konto: 4500 55 98811
NO/VAT 989 714 309 MVA
Personvern